GARDEN:

Vårt mål er å produsera sunn og næringsrik mat på ein dyrevenleg
og berekraftig måte på garden. Dyra lever og beitar ute størsteparten
av året. Om vinteren held dei til inne i låven. Der har dei det behageleg, plassert på halm for komfort og for å halda på varmen.
Halmen vert seinare omgjort til kompost og blir brukt ute på bakkane
som naturleg gjødsel. Dersom veret tillet det, er dyra ute
også i vintermånadane.

 

Me har ein flokk geiter som gjev mjølk til ost, og "kjekjøtt"
som vert seld til lokale restaurantar. Me har og starta opp storfeproduksjon, og har for tida Hereford kyr som et gras heile tida.

Hereford er ein rein kjøttferase som er raud av farge. Hovudet,
med hals, doglapp, bryst og buk, er heilt kvitt. Hereford er ein ekstensiv storferase. Den trivst best ved å bli fora på gras, og den legg ikkje på
seg like fort som intensive storferasar gjer. Dette resulterer i høg
kvalitet og framifrå god smak.

 

Ein flokk med høner gjev oss egg og hjelper til med å halda landskapet frodig. Dei elskar å streifa der kyrne har vore fyrst. Forutan dyra som er med i den daglege produksjonen på garden,
kan du og finna andre husdyr som kattar, hundar og hestar,
som kosar seg i kvart eit hjørne på garden.

 

Glade og friske dyr produserer kvalitetsmjølk, kjøt og egg.

 

Er du interessert i garden og ønskjer å sjå korleis me jobbar;
då kan du besøka oss på søndagar for å sjå dyra og garden.
Me er på plass for å svara på spørsmål og visa deg rundt.
Me er stolte av dyra og produkta våre.

 

 

 

Kvalitetsost frå Tysnes

Produksjon av nettside: bladet Tysnes Foto: Camilla Korsnes