Me er ein nederlandsk familie som flytta til Norge i 2013.

 

Ønsket vårt om å leva eit meir berekraftig liv
fekk oss til å  søkja  etter  ein gard i Norge.

Me fann Myrdal Gard på den vakre øya Tysnes.

 

Plasseringa av garden i den fantastiske naturen
i Sunnhordland, samt utforminga med 1500 dekar av
land, fleire moderne gardsbygninger som eit ysteri
og ei stor løe, overtala oss om at dette ville vera
ein stad med mange moglegheiter.

 

Etter fleire år her på Tysnes, er me på god veg
 til å gjera Myrdal Gard til heimen og bedrifta vår.

 

Myrdal Gard sin velkjende kvalitetsost
er til sals over heile vestlandet.

 

Myrdal har ca 40 geiter som grasar over bakkane og i skogen  minst 6 månedar i året. Melka blir brukt til å laga den berømte mild Myrdal Hvit geitost. Me har ein vaksande flokk av sunne
og lukkelege kyr, og me ynskjer å starta opp kjøttproduksjon hausten 2016. Me har og bygd eit drivhus som me håpar skal
gje oss sunne heimelaga grønsaker, urter og frukt.

 

Alle desse tre aspekta ved Myrdal Gard er tett knytt
saman i ein syklus av berekraftig og miljøvenleg landbruk.

 

Les meir om garden og dyrene under fanen:

 

 

Kvalitetsost frå Tysnes

Produksjon av nettside: bladet Tysnes Foto: Camilla Korsnes